105 ♥ 1 Korinterne 13-14

Bibel 2011 bokmål

Norsk Bibel 88/07

Bibelen, Guds Ord

Bibel 2011 nynorsk

1 Korinterne 13 1 Korinterne 13 1 Korinterne 13 1 Korinterne 13
1 Korinterne 14 1 Korinterne 14 1 Korinterne 14 1 Korinterne 14

Utvalgt andakt

KJÆRLEIKEN

"Men no vert dei verande desse tre: tru, von og kjærleik, og størst av dei er kjærleiken." 1. Kor. 13,13

Guds rike på jorda vert bygt ved Andens nådegåver. Det som ber i alle nådegåver, er kjærleiken.

"− men om eg ikkje har kjærleik, då er eg ein ljomande malm eller ei klingande bjølle."

Det er kjærleiken som gjev personen det rette innhald. Ein kan gjera mange store offer og forsakingar for å vinna seg sjølv eit namn. Ein kan også gjera mange store tenester i Guds rike i eiga interesse. Det er diverre ikkje kjærleiken som driv alt som syner att i den kristne soga.

Difor er dette så alvorsamt. Ein kan ha det så travelt, så mykje ein skal gjera og mykje å stella med. Likevel er det tomt, alt saman.

Her lærer me at alt me er og utfører, må leiast av kjærleiken. Har du ikkje kjærleik, då er du ingenting. Alt går opp i røyk, og ditt verk brenn opp i domen.

Men kjærleiken er vidunderleg. Han er sjølve opphavet. Han er frå Gud. Det er frå kjærleiken alle fagre knuppar spring ut, knuppar som vert til roser og som skal dufta i alle æver.

Det er godt å møta kjærleiken. I ei vond, rastlaus, nytingssjuk og eigenkjærleg verd, er han ein god leskedrikk for ein feberheit kropp. Kjærleiken opnar stengde hjarto, og han kjem med salve til samankrøkte sjeler.

Kvifor er kjærleiken så sterk?

Jau, han er guddommeleg. Han er frå himmelen. Det er Jesus Kristus som er kjærleik, og berre den som eig Jesus, eig denne kjærleiken.

Lat oss be om at denne gode oljen må få renna inn i mange hjarto.

Tore Tungland
"Trøysta mitt folk"
Lunde Forlag, 1975

Studiespørsmål

av Phil Layton:
1 Korinterne 13
1 Korinterne 14


Minikommentarer

av Peter Baronowsky:
1 Korinterne 13
1 Korinterne 14