297 ♥ Salmenes bok 122-124

Bibel 2011 bokmål

Norsk Bibel 88/07

Bibelen, Guds Ord

Bibel 2011 nynorsk

Salme 122 Salme 122 Salme 122 Salme 122
Salme 123 Salme 123 Salme 123 Salme 123
Salme 124 Salme 124 Salme 124 Salme 124

Utvalgt andakt

NAMNET JESUS

Vår hjelp er i Herrens namn, han som gjorde himmel og jord. Salme 124,8

Me fekk vera med på utdeling av mat i Sør-Etiopia, i den store hungersnauda i 1974. Denne dagen eg no tenkjer på, var det om lag femten hundre til to tusen menneske samla, for å få sin rasjon. Midt i all tummelen kom dei etiopiske leiarane og sa: "No må me ha møte. No må de tala til alle desse om Jesus."

Eg skal seia det vart stilt då evangelistane hadde kunngjort møtet. Så stilt ville me aldri ha fått det på eit norsk friluftsmøte.

Det gjekk som ein støyt i meg, då ein av leiarane kviskra: "Her er mange, mange som aldri har høyrt namnet Jesus."

Eg var altså i ei stor forsamling der mange skulle få høyra om Jesus for første gong. Der var folk i alle aldrar.

"Vår hjelp er i Herrens namn."

Det er vondt ikkje å ha mat. Det må nok opplevast om ein skal skjøna det. Men kor fattige dei er, dei som ikkje kjenner Jesus. Det er endå verre enn å vera utan mat.

Jesus er ein Frelsar frå synda. Han er ein redningsmann i domen. I døden er han vår los, og i all naud er han vår redning. Hans namn ber i seg sjølv ein fullnad av frelse, godleik og kjærleik som fyller vårt hjarta med takk og lovsong.

"Vår hjelp er i Herrens namn."

Der er ly i stormen. Der er trøyst i trengsla. Der er ei opa dør inn til Gud.

Namnet Jesus er garantien for mi frelse.

Tore Tungland
"Trøysta mitt folk"
Lunde Forlag, 1975

 

Minikommentarer

av Peter Baronowsky:
Salme 122
Salme 123
Salme 124