045 ♥ Salmenes bok 18-20

Bibel 2011 bokmål

Norsk Bibel 88/07

Bibelen, Guds Ord

Bibel 2011 nynorsk

Salme 18 Salme 18 Salme 18 Salme 18
Salme 19 Salme 19 Salme 19 Salme 19
Salme 20 Salme 20 Salme 20 Salme 20

Utvalgt andakt

Herrens ord

"Herrens lov er fullkomen, ho gjev sjela nye krefter.  Herrens lovbod er å lita på, det gjer den urøynde vis." Sal 19,8

Eit tre vert verdsett etter den frukta det ber, ikkje etter mengda med blad.  Verdien av ei bok ligg i den verknaden ho har, ikkje i storleiken eller utstyret hennar.  Såleis må vi verdsetja Herrens ord òg etter den verknaden det har på oss.

Ein kjend mann har sagt:  Eg har mange bøker som eg ikkje kan setja meg ned og lesa.  Dei er gjerne gode og sunne, men dei er som koparmynt − det skal ei stor mengd til for å koma opp i ein liten sum.  Det finst sølvbøker og nokre få gullbøker; men eg har éi bok som veg opp alle saman, og den boka heiter Bibelen.

Herrens lov er fullkomen.  Med Herrens lov meiner David heile Ordet som Gud har openberra.  Som sola provar sin verdi ved å lysa og varma, såleis provar Herrens ord òg sin herlegdom ved å "gje sjela nye krefter".  Vi kan ikkje leggja fram matematiske prov på at Ordet er frå Gud; men vi har kjent korleis det verkar på hjarto våre, og denne verknaden kan berre Gud skapa.

Den beste måten å læra å kjenna Bibelens verdi på, er å bruka han.  Ingen prov er sikrare enn dei som røynsla gjev.  Eg veit at sola gløder, for ho varmar meg.  Eg veit òg at Bibelen er frå Gud, for han har endra hjarta mitt og livet mitt.  Han gjer den urøynde vis.  Han skaper glede i hjarta og leier den ærlege på den rette vegen.

Edin Holme
"For kvar dag"
Lunde Forlag, 2000

 

Minikommentarer

av Peter Baronowsky:
Salme 18
Salme 19
Salme 20