søndag 4. januar 2015

047 ♥ Jesaja 34-39

Bibel 2011 bokmål

Norsk Bibel 88/07

Bibelen, Guds Ord

Bibel 2011 nynorsk

Jesaja 34 Jesaja 34 Jesaja 34 Jesaja 34
Jesaja 35 Jesaja 35 Jesaja 35 Jesaja 35
Jesaja 36 Jesaja 36 Jesaja 36 Jesaja 36
Jesaja 37 Jesaja 37 Jesaja 37 Jesaja 37
Jesaja 38 Jesaja 38 Jesaja 38 Jesaja 38
Jesaja 39 Jesaja 39 Jesaja 39 Jesaja 39

Utvalgt andakt

"Sei til dei urolege hjarto:  Ver frimodige, ver ikkje redde!  Sjå, der er dykkar Gud!  Han kjem med straff.  Gud vil gjera attergjeld.  Sjølv kjem han og frelser dykk." Jes 35,4
Også ein kristen veit kva det er å bera på eit hjarta fullt av uro og angst.  Den smale livsvegen gjer han så mang ein gong skjelvande og redd, og dei mange tinga som grip inn i livet vårt og som ofte kjem både uventa og bakvendt, får hjarta til å slå i uro og otte.  Men det som skaper mest uro hjå ein ærleg kristen, er dei såra synda slår i sjela vår og dei kalde dødsmaktene som ofte held på å sløkkja varmen i ånda vår.
I slike tider er det lett å komma inn i gjerningsstrev.  Og når Sinai ligg oss nærare enn Golgata, blir hjarta alltid uroleg og dommen heng over oss; for berre nåden gjer fri.  Men her i dette ordet vil Gud seia til alle desse veike og skjelvande sjelene at hjarta hans bankar av trong til å trøysta, meir enn noko morshjarta lengtar etter å få redselen bort frå det skræmde barnet sitt.  Du skal ikkje vera redd, ver frimodig, seier han.
Høyr dette, du urolege hjarta!  Ver trygg på at det han lovar, det held han!  Han vil stilla uroa hjå alle som kviler på ordet hans.  Ver ikkje redde!  For eg er med deg, seier Herren.  "Ikkje eitt våpen dei smir imot deg, skal visa seg gagnleg.  Kvart klagemål dei reiser mot deg, skal du få kjent grunnlaust.  Det er den lut som Herrens tenarar får, den rett eg gjev dei, seier Herren."  Jes 54,17.
Skjønt jeg ei kan tro det som jeg ville,
er dog saken alltid like sann.
Ei i tvil jeg vil min fred forspille,
for min Jesus aldri lyve kan.
(Syng for Herren 311, 3.)
Ludvig Hope
"Eit Ord i Dag"
Lunde Forlag

Minikommentarer

av Peter Baronowsky:
Jesaja 34
Jesaja 35
Jesaja 36
Jesaja 37
Jesaja 38
Jesaja 39