068 ♥ Jesaja 51-55

Bibel 2011 bokmål

Norsk Bibel 88/07

Bibelen, Guds Ord

Bibel 2011 nynorsk

Jesaja 51 Jesaja 51 Jesaja 51 Jesaja 51
Jesaja 52 Jesaja 52 Jesaja 52 Jesaja 52
Jesaja 53 Jesaja 53 Jesaja 53 Jesaja 53
Jesaja 54 Jesaja 54 Jesaja 54 Jesaja 54
Jesaja 55 Jesaja 55 Jesaja 55 Jesaja 55

Utvalgt andakt

STRAFFA LÅG PÅ HAN

"Ja, han vart såra for våre brot og sundbroten for våre synder; straffa låg på han, så me skulle få fred, og ved hans sår har me lækjedom." Es. 53,5
Gud la all straff på Jesus.  Alt det alle menneske hadde synda mot Den heilage, måtte Jesus bera straffa for.
"Som alle bekker søker mot havet, således samler hele menneskeslektens synder seg på Golgata for å drepe Guds sønn."  (Moody)
"For det som var umogeleg for lova, av di ho var maktlaus på grunn av kjøtet, det gjorde Gud, då han sende sin eigen Son."  (Rom. 8,3)
Ingen på jord var god til å gjera opp for vår ulydnad og vondskap.  Me er alle opptekne med oss sjølve.  Difor måtte Gud finna sin eigen Son, og gjera avtale med han.
Og han var villig til å ta på seg den tyngste av alle byrder:  å forlika menneska med Gud.  Det kosta for han, dette store og tunge oppgjeret, men Jesus var villig og lydig som eit lam.  Gud handla med Kristus som om han skulle ha gjort alle verdens synder.  "Han vart gjort til synd for oss."
Straffa måtte koma, ho kom endå meir grufull enn han kunne ana sjølv.  Sveitten hans draup som blod.
Men han bar straffa vår til endes, og ropa ut:  Det er fullført!
Guds ord syner oss resultatet av all denne kjærleik, liding og smerte:
"Straffa låg på han, så me skulle få fred −."
"Æra vere Gud i det høgste!"
Tore Tungland
"Trøysta mitt folk"
Lunde Forlag, 1975

Minikommentarer

av Peter Baronowsky:
Jesaja 51
Jesaja 52
Jesaja 53
Jesaja 54
Jesaja 55