094 ♥ Salmenes bok 39-41

Bibel 2011 bokmål

Norsk Bibel 88/07

Bibelen, Guds Ord

Bibel 2011 nynorsk

Salme 39 Salme 39 Salme 39 Salme 39
Salme 40 Salme 40 Salme 40 Salme 40
Salme 41 Salme 41 Salme 41 Salme 41

Utvalgt andakt

Eg venta og vona på Herren. Han bøygde seg til meg og høyrde mitt rop. Salme 40,2

Det er ikkje alltid vitnemål om tru og sann gudsfrykt at me ikkje har tid til å venta på Herren. At me vil ha svar fort på bønnene våre, kan gjerne komma av mistru til Gud og eit sjølvkjært sinn. Abraham måtte venta lenge, endå Guds lovnad til han ikkje kunne mistydast. Det barnet som får alt det ønskjer så fort det ber om det, går det gale med. Mange har vorte utskjemde for heile livet på den måten. Kunsten er ikkje berre å få: det er ein endå større kunst å bruka rett det ein får. Mens Herren lèt oss venta, prøver han å læra oss å bruka rett det me har, samtidig som han førebur oss til å ta imot meir.

Mange vil her svara: No har eg bedt mest eit heilt liv om noko som eg veit er etter Guds vilje, og endå ventar eg på svar. Til det vil eg seia: Her er så mykje som du og eg ikkje ser eller skjønar av slikt som Herren reknar med. Difor skal du ikkje tvila på at bønna er etter Guds vilje og heller ikkje på at han vil svara. Du skal vera sikker på at svaret kjem i Herrens time, til lukke for deg og til hjelp for andre.

Mange av oss eldre ser no at det ville gått oss gale om me hadde fått alt me bad om, på den måten me ønskte, endå me bad om ting som var etter Guds vilje.

La oss venta på Herren!

Og varer det frå morgonstund
og heilt til aftans ende,
eg trur då trygt i hjartans grunn,
Gud gjerer visst eit vende.
So gjer Guds folk av rette slag,
som Anden gav sitt ættarlag:
Dei ventar på Guds time.
(Nynorsk Salmebok 201,4.)

Ludvig Hope
"Eit Ord i Dag"
Lunde Forlag

 

Minikommentarer

av Peter Baronowsky:
Salme 39
Salme 40
Salme 41