093 ♥ 1 Samuelsbok 16-20

Bibel 2011 bokmål

Norsk Bibel 88/07

Bibelen, Guds Ord

Bibel 2011 nynorsk

1 Samuelsbok 16 1 Samuelsbok 16 1 Samuelsbok 16 1 Samuelsbok 16
1 Samuelsbok 17 1 Samuelsbok 17 1 Samuelsbok 17 1 Samuelsbok 17
1 Samuelsbok 18 1 Samuelsbok 18 1 Samuelsbok 18 1 Samuelsbok 18
1 Samuelsbok 19 1 Samuelsbok 19 1 Samuelsbok 19 1 Samuelsbok 19
1 Samuelsbok 20 1 Samuelsbok 20 1 Samuelsbok 20 1 Samuelsbok 20

Utvalgt andakt

DAVID OG GOLIAT

"David svara: Du kjem imot meg med sverd og langspjot og kastespjot; men eg kjem imot deg i namnet åt Herren, allhers Gud, han som er Gud for Israels fylkingar." 1. Sam. 17,45

Denne fagre forteljinga skildrar for oss gjætarguten som kom like frå buskapen og felte filistarkjempa, utan våpen.

Kva var løyndomen til David sin siger?

Jau, han var klår over at han var ingen stridsmann i vanleg tyding. Då han hadde prøvd Saul si rustning og kongen sine våpen, sa han: Eg får ikkje gå med dette på meg; eg er ikkje van med det. Så la han det av seg og tok staven sin i handa. I eit bekkefar leita han seg ut fem slette steinar og la dei i hyrdingtaska.

David hadde lært å kjenna Gud og hans makt. Han hadde møtt både løve og bjørn ute på marka; dei hadde han drepe utan våpen. Difor sa David: "Herren som hjelpte meg mot løva og bjørnen, han hjelper meg nok mot denne filistaren òg."

David hadde fått røynt Guds kraft, og han hadde fått tillit til Gud. Difor sa han:

"Du kjem imot meg med sverd og med langspjot og kastespjot; men eg kjem imot deg i namnet åt Herren, allhers Gud."

Det er dette som er løyndomen til siger for Guds barn i dag òg. "For det navn må hatet vike. For det navn må ondskap fly." Ein liten tenar og ein stor Frelsar.

Der ligg sigeren.

Tore Tungland
"Trøysta mitt folk"
Lunde Forlag, 1975

 

Minikommentarer

av Peter Baronowsky:
1 Samuelsbok 16
1 Samuelsbok 17
1 Samuelsbok 18
1 Samuelsbok 19
1 Samuelsbok 20