torsdag 8. januar 2015

181 ♥ Lukas 15-16

Bibel 2011 bokmål

Norsk Bibel 88/07

Bibelen, Guds Ord

Bibel 2011 nynorsk

Lukas 15 Lukas 15 Lukas 15 Lukas 15
Lukas 16 Lukas 16 Lukas 16 Lukas 16

Utvalgt andakt

Syndarvenen

Tollarane og syndarane heldt seg nær til Jesus og høyrde på han. Men farisearane og dei skriftlærde murra og sa seg i mellom: "Denne mannen tek imot syndarar og et i lag med dei." Luk 15, 1–2.

"Denne mannen tek imot syndarar."

Dette ordet fortel korleis Jesu samtid såg på han. Dette er den attesten menneska gav han.

Og det er ein god attest.

Han tek imot syndarar!

Ingen kan telja dei tårene som dette ordet har turka her i verda. Ingen kan rekna ut kor stor lukke det har skapt.

No er sjølvsagt ikkje dette alt som menneska sa om han. Det var stor usemje om Jesus. Men på dette området var dei alle samde. Dei bitraste uvenene hans, dei beste venene hans − og han sjølv. Her talar dei alle eitt språk.

Og det er godt for oss. For kva hjelpte det oss at han er høg og herleg og imponerande på alle område, at han har all makt i himmelen og på jorda, at han er rein og eineståande i all si ferd − kva hjelpte alt dette oss dersom han ikkje tok imot syndarar?

Då var det likevel inga von for oss.

Himmelen er herleg, men han ville vera stengd om ikkje Jesus tok imot syndarar.

Difor prisar vi Herren for dette vitnemålet om Jesus!

Det er det største, det er det beste. Det gjev von til den ringaste.

Det opnar himmeldøra for oss alle!

Edin Holme
"For kvar dag"
Lunde Forlag, 2000

Studiespørsmål

av Phil Layton:
Lukas 15
Lukas 16

Minikommentarer

av Peter Baronowsky:
Lukas 15
Lukas 16