234 ♥ Salmenes bok 99-101

Bibel 2011 bokmål

Norsk Bibel 88/07

Bibelen, Guds Ord

Bibel 2011 nynorsk

Salme 99 Salme 99 Salme 99 Salme 99
Salme 100 Salme 100 Salme 100 Salme 100
Salme 101 Salme 101 Salme 101 Salme 101

Utvalgt andakt

Den som baktalar sin neste, han vil eg tyna. Eg kan ikkje tola den som har stolte augo og eit hovmodig hjarta. Salme 101,5

Av alle dei syndene som har sett røtene sine djupt i oss, er dette å misunna, mistenkja og baktala andre nokon av dei verste. Som kristne kan me vinna over mykje av dårskapen vår, men å få bukt med lysta til å snakka vondt om andre, det ser ut til å vera svært vanskeleg. Sterke karakterar, som er kloke og viljefaste, kan nok halda tunga i age, men hjarta kan vera like vondt hjå dei som hjå slike som ikkje har vit nok til å styra tunga si eller skjula æresykja.

Nokre av dei største vanskane som melder seg, òg blant kristne, skuldast mistanke og vonde tunger. Hjarta er meir svikefullt enn noko anna. Og tunga er ein eld, ei verd full av urettferd. Ho smittar heile lekamen og set livsens hjul i loge, og ho blir sjølv sett i loge frå helvetet.

Det er store ting som har hendt, òg med ein kristen, når han ikkje lenger baktalar nesten sin og når han trur betre om andre enn om seg sjølv. Måtte me som kristne få ein djup trong etter å få eit slikt sinnelag, og så i Jesu Kristi kraft makta å tala vel om einannan! Då ville mykje vondt komma bort iblant oss.

Styr hjarta mitt te tenkja godt
og minnast ved din vilje!
Kvar syndig trå i stort og smått
or hugen min du skilje!

Styr tunga mi te tala godt,
di æra alltid minnast.
La aldri vondskap eller spott
i orda mine finnast!

Ludvig Hope
"Eit Ord i Dag"
Lunde Forlag

 

Minikommentarer

av Peter Baronowsky:
Salme 99
Salme 100
Salme 101