søndag 11. januar 2015

363 ♥ Apostlenes gjerninger 27-28

Bibel 2011 bokmål

Norsk Bibel 88/07

Bibelen, Guds Ord

Bibel 2011 nynorsk

Apostlenes gjerninger 27 Apostlenes gjerninger 27 Apostlenes gjerninger 27 Apostlenes gjerninger 27
Apostlenes gjerninger 28 Apostlenes gjerninger 28 Apostlenes gjerninger 28 Apostlenes gjerninger 28

Utvalgt andakt

KRAFT TIL Å LÆKJA

Paulus gjekk inn til han og bad og la hendene på han og gjorde han god att. Ap.gj. 28,8

Her er mange i dag som slit med spørsmålet om Guds kraft til å lækja sjukdom.

Jesus helbreda mange i den tida han vandra på jord.

Like eins oppmodar Bibelen oss ofte om å be for sjuke.

Ordet talar også sterkt til oss om at me skal be og få.

Så mange gonger talar Ordet både i tekst og biletspråk om Guds allmakt og grenselause kraft.

Me veit òg at det hender fleire synlege teikn og under på misjonsmarkene enn her i dei gamle kristne landa. Der står dei kristne ofte fram og vitnar om bønhøyring i dagleglivet.

Men me må skunda oss å leggja til at det hender meir her mellom oss òg enn me til vanleg veit om. Det går stille for seg.

Med dette vil me gjerne vera med og oppmoda kvar og ein som har det vondt, om å be. Du får søkja rettleiing i Guds ord.

Men me bør merka oss at slik bøn ofte har skapt mykje sjelestrid. Mange tenkte at det måtte vera noko gale med trua, eller dei kom til å tvila på lovnadene, når dei ikkje fekk det som dei ville.

Lat oss hugsa på at trua er ei gåve frå Gud. Me må heller ikkje gløyme at å tru er å overlate saka til Gud. Det treng ikkje vera teikn på ei sterk tru at eg får alt som eg vil. Men eg har ei sterk og stødig tru når eg roleg får overlate dei store vanskane mine i Guds hand.

Gud er Far. Som far vil han barnet vel. Han har makt og kraft nok. Men han har òg kjærleik og framtidssyner nok til å gjera det som batar barnet best.

Tore Tungland
"Trøysta mitt folk"
Lunde Forlag, 1975

Studiespørsmål

av Phil Layton:
Apostlenes gjerninger 27
Apostlenes gjerninger 28

Minikommentarer

av Peter Baronowsky:
Apostlenes gjerninger 27
Apostlenes gjerninger 28