onsdag 13. mai 2020

Dagens Bibellesning: Salmenes bok 57-59

Bibel 2011 bokmål

Norsk Bibel 88/07

Bibelen, Guds Ord

Bibel 2011 nynorsk

Salme 57 Salme 57 Salme 57 Salme 57
Salme 58 Salme 58 Salme 58 Salme 58
Salme 59 Salme 59 Salme 59 Salme 59

Utvalgt andakt

MITT HJARTA ER ROLEG

Mitt hjarta er roleg, Gud, mitt hjarta er roleg; eg vil syngja og lovsyngja. Salme 57,8
Det er godt å ha eit roleg hjarta, særleg når ein tykkjest ha grunn til å vera uroleg.
Kva stort er det då denne mannen har opplevd? Han syng jo så fint: "Mitt hjarta er roleg, Gud, mitt hjarta er roleg −."
Jau, han var i stor trengsle. David måtte rømma for kong Saul, gong etter gong. Denne gongen gøymde han seg i Adullams hole, like etter at han hadde måtta rømma unna Filistarane. Tidlegare i Salmen skildrar han kor vondt han hadde det: Dei mektige og blodgjerruge fiendane kringset han og vil gjera det av med han.
Men så får David auga på Guds makt og truskap, og det er som han stiller Guds kraft opp imot fiendane. Den nåden David bad om i vers 2: "Ver meg nådig, Gud, ver meg nådig, for til deg flyr mi sjel −," den fekk han. Og gleda over Guds nåde og kraft er no så stor at han jublar: "Mitt hjarta er roleg, Gud." "Eg vil syngja og lovsyngja."
Den som får den nåde å setja si lit til Herren, får òg eit roleg hjarta. Midt i naud og sut og hjarteverk, kan ein få sjå Guds kraft og hans truskap.
Denne tilliten får ein ved å lesa Herrens ord. Gud talar til oss der. Han fører sin nåde og si trøyst over til oss, ved Anden og Ordet.
Det kan hende at fiendane rasar framleis, og alle stormar har enno ikkje lagt seg. Men Gud har synt seg i sitt ord.
Ja, det er som eit under! "Mitt hjarta er roleg, Gud." Herren er god! "Eg vil syngja og lovsyngja."
Tore Tungland
"Trøysta mitt folk"
Lunde Forlag, 1975

Minikommentarer

av Peter Baronowsky:
Salme 57
Salme 58
Salme 59