013 ♥ Matteus 3-4

Bibel 2011 bokmål

Norsk Bibel 88/07

Bibelen, Guds Ord

Bibel 2011 nynorsk

Matteus 3 Matteus 3 Matteus 3 Matteus 3
Matteus 4 Matteus 4 Matteus 4 Matteus 4

Utvalgt Andakt

Det står skrive

"Det står skrive…" Matt 4,4
Dette var Jesu våpen då han vart freista.
Han kunne også ha brukt andre våpen:  si eiga guddomsmakt, legionar med englar osb.  Men han brukte ikkje slikt.  Hans einaste verje var:  Det står skrive.
Med dette våpenet sigra han.  Med skriftordet avgjorde han den fælslege striden.
For ein lærdom for oss!
For ei oppmoding til å bruka dette våpenet, og til å lita på det.
Men skal vi bruka det med hell, må vi kjenna det.  Og så må vi øva oss for å få det i vår makt.
Frelsaren vår kjende det.  Difor kunne han bruka det på slik ein sikker måte.
Men der er ikkje berre Skrifta sin bokstav vi må kjenna.  Alt avheng av om vi vert fylte med Skrifta si ånd.
Kjære ven!  Granska Bibelen!  Då vil Bibelen verta styrkebeltet og rustningskammeret ditt.  Du treng ikkje forsvara Bibelen.  Nei, granska han, så vil han forsvara både seg sjølv og deg.
Men granska han under bøn.  Bøna er nykelen til dette rustningskammeret.  Be over Bibelen.  Bed mykje over han.  Så kan du gå med frimod ut i striden − du skal bera sigeren heim!
Edin Holme
"For kvar dag"
Lunde Forlag, 2000

Studiespørsmål

av Phil Layton:
Matteus 1-3
Matteus 4

Minikommentarer

av Peter Baronowsky:
Matteus 3
Matteus 4