mandag 5. januar 2015

061 ♥ Jesaja 45-50

Bibel 2011 bokmål

Norsk Bibel 88/07

Bibelen, Guds Ord

Bibel 2011 nynorsk

Jesaja 45 Jesaja 45 Jesaja 45 Jesaja 45
Jesaja 46 Jesaja 46 Jesaja 46 Jesaja 46
Jesaja 47 Jesaja 47 Jesaja 47 Jesaja 47
Jesaja 48 Jesaja 48 Jesaja 48 Jesaja 48
Jesaja 49 Jesaja 49 Jesaja 49 Jesaja 49
Jesaja 50 Jesaja 50 Jesaja 50 Jesaja 50

Utvalgt andakt

"Alt til dykkar alderdom er eg den same, til de grånar i håret, skal eg bera dykk.  Det har eg gjort, og det skal eg gjera, ja, eg skal bera og berga dykk. " Jes 46,4

I våre dagar vert det halde mange talar til dei unge.  Verset frå profeten Jesaja som er sitert ovanfor, er ein liten tale til dei gamle.  Og det er Herren sjølv som held han.

På ein måte treng vi alle den same preika.  Likevel har kvar tid sitt særmerke, og alderdomen har òg sitt.

Det som er det mest særmerkte med dei gamle, er at dei lever i minna sine.  Livet ligg bak dei med all si glede og liding, all si synd og freisting.  Det vert meir og meir stilt ikring dei.  Dei har ikkje noko meir å venta på her nede.

Lukkelege er dei gamle som har Herrens truskap som eitt av minnene sine.  Som har sett denne truskapen og kjent dei sterke hendene hans som har bore dei.  Dei kan vera stille og rolege også når livsdagen lid.  For dei har hans lovnad om at han vil bera dei framleis.

Dei mange åra har ikkje trøytta han ut.  Dei mange syndene har ikkje stengt døra hans.  Nei, han har halde ut.  Og skulle han vel no la dei vera åleine?  Langt derifrå.  Heilt til det siste, så lenge hjarta slår, er han hjå dei − og gjennom dødsnatta vil han bera dei på sine sterke hender.

Så skal vi ikkje syrgja om håret grånar.  Vi er på veg til det landet der alt er liv og styrke, der alt er udøyeleg og evig ungt.

Edin Holme
"For kvar dag"
Lunde Forlag, 2000

 

Minikommentarer

av Peter Baronowsky:
Jesaja 45
Jesaja 46
Jesaja 47
Jesaja 48
Jesaja 49
Jesaja 50