085 ♥ 1 Mosebok 48-50

Bibel 2011 bokmål

Norsk Bibel 88/07

Bibelen, Guds Ord

Bibel 2011 nynorsk

1 Mosebok 48 1 Mosebok 48 1 Mosebok 48 1 Mosebok 48
1 Mosebok 49 1 Mosebok 49 1 Mosebok 49 1 Mosebok 49
1 Mosebok 50 1 Mosebok 50 1 Mosebok 50 1 Mosebok 50

Utvalgt andakt

Frelse ovanfrå

Eg ventar på di frelse, Herre. 1 Mos 49,18

Med dette ordet enda den gamle patriarken, Jakob, sine dagar i utlegd.

Han såg framover mot den gylne morgonroden som skulle renna for etterkomarane hans. Frå Herren venta han den. Sjølv hadde han fått smaka Herrens fred. Gjennom mange feilsteg og kampar hadde han funne nåde hjå Gud. Men han visste at frelsa frå Herren skulle openberrast endå herlegare ein gong.

Det den gamle Herrens tenar hadde ei uklår aning om, det er openberra for oss. Den gylne dagen har runne. Frelsa frå himmelen er komen ned til jorda. Har vi opna hjarto våre for den, då er det tennt ljos over utlegda vår, og vi kan med glede rykkja teltpluggane våre opp når timen kjem.

Det er vondt at det er så mange som går blinde for denne gylne dagen. Dei ventar si "frelse" − si glede og trøyst − nedanfrå, frå jorda og hennar gode ting. Dei vil ein gong forstå at dei har lura seg sjølve. Det dei ventar på, vil gjera dei vonbrotne. Og deira avskil frå verda vil verta ein avskil frå alt dei har elska og levd for.

Lat oss då søkja den fulle frelsa frå Herren. Lat oss sanna syndene våre for Gud, og med Jakob kjempa til sigeren er vunnen − lat oss ikkje sleppa han før han velsignar oss. Han vil så gjerne gjera det, berre det er rom for han i hjarto våre.

Så skal vår utgang òg frå denne verda verta ei utløysing. Avskilsdagen vår skal verta vår herlegdomsdag.

Edin Holme
"For kvar dag"
Lunde Forlag, 2000

 

Minikommentarer

av Peter Baronowsky:
1 Mosebok 48
1 Mosebok 49
1 Mosebok 50