tirsdag 6. januar 2015

122 ♥ Salmenes bok 51-53

Bibel 2011 bokmål

Norsk Bibel 88/07

Bibelen, Guds Ord

Bibel 2011 nynorsk

Salme 51 Salme 51 Salme 51 Salme 51
Salme 52 Salme 52 Salme 52 Salme 52
Salme 53 Salme 53 Salme 53 Salme 53

Utvalgt andakt

Fryd over frelsa

Lat meg atter få fryda meg over di frelse, hald meg oppe med ei viljug ånd! Sal 51,14

David hadde mist sin «fryd over frelsa», si glede i samfunnet med Herren.

Korleis hadde det gått til? Kva hadde røva frå han den store lukka?

Var det fattigdom og naud? Var det sjukdom? Var det vonbrot? Var det falske vener eller vonde fiendar? − Ikkje noko av dette.

Det som hadde røva frå han gleda i Herren, var hans synd. Hans brot på Herrens lov.

Då han søkte gleda si utanfor Herren, i å gjera si sanselege lyst til viljes, då miste han gleda. Han vart narra av syndas falske spel, og han kjende hennar lygn og skam og redsle. Hjarta hans skreik til Gud: Gjev meg att det som synda har røva frå meg, lat meg atter få fryda meg over di frelse.

Ikkje noko anna enn synda kan i røynda gjera ein kristen ulukkeleg. Berre ho kan riva sund det heilage bandet som bind hjarta til Gud.

Er gleda borte, har mørkret fylt hjarta ditt, har du mist freden og det ljose, djerve barnesinnet − ja, så prøv deg for Herrens andlet om det ikkje er ei eller anna duld synd i livet ditt, ein eller annan løynd skade som er grunnen. Og om du veit at det er slik, så kvil ikkje før skaden er lækt. Sanna det for Herren. Gjer opp saka mellom han og deg. Få det vonde bort.

Då skal hjarta ditt på nytt fyllast med fryd over frelsa.

Edin Holme
"For kvar dag"
Lunde Forlag, 2000

 

Minikommentarer

av Peter Baronowsky:
Salme 51
Salme 52
Salme 53