132 ♥ Lukas 1-2

Bibel 2011 bokmål

Norsk Bibel 88/07

Bibelen, Guds Ord

Bibel 2011 nynorsk

Lukas 1 Lukas 1 Lukas 1 Lukas 1
Lukas 2 Lukas 2 Lukas 2 Lukas 2

Utvalgt andakt

Herre, no lèt du tenaren din fara herifrå i fred, etter ditt ord. For augo mine har sett di frelse. Luk 2,29–30

Kan eit menneske nå større lukke her på jord enn på slutten av livet å stå med Jesus i armane sine og i hjarta sitt, løyst frå alle jordiske band og ferdige med denne verda? Når den lange, tunge arbeidsdagen her på jorda sluttar slik, når alle gåtefulle spørsmål får eit slikt svar, då er livskvelden verkeleg ljos. Då er hausten finare enn våren og alderdommen lukkelegare enn ungdomstida.

Ikkje alle gamle er så lukkelege som Simeon. Mange har det vondt fordi born og skyldfolk har gløymt dei bort eller steller dårleg med dei. Men dei fleste har det vondt fordi dei ikkje har funne Jesus. Så prøver dei av all makt å halda fast på livet her og vil gjerne gløyma at dei ein dag må gå herifrå. Men veikare og veikare blir livskrafta, og så blir humøret dårlegare; dei klagar og er misnøgde. Den verda dei elskar og ikkje vil sleppa, fer ifrå dei, og vegen til eit betre land kjenner dei ikkje. Då er det tungt å bli gammal. Då er hausten sur og kald og mørk.

Lukkelege er me om me ser Frelsaren og himmelen klårare etterkvart som åra blir mange! Då losnar meir og meir alle band som bind oss til jorda. Då blir det tunge og kampfulle som alderdommen ber med seg, ingenting mot den herlegdommen me skal få. Då er livskvelden porten inn til den evige dagen hjå Gud.

Når mi livssol sig i hav,
og eg under mold skal sova,
lys meg då igjennom grav!
Så eg skal i ljos deg lova.
Du som mørkers makter batt,
Jesus, lys i daudens natt!

Ludvig Hope
"Eit Ord i Dag"
Lunde Forlag

Studiespørsmål

av Phil Layton:
Lukas 1
Lukas 2

Minikommentarer

av Peter Baronowsky:
Lukas 1
Lukas 2