188 ♥ Lukas 17-18

Bibel 2011 bokmål

Norsk Bibel 88/07

Bibelen, Guds Ord

Bibel 2011 nynorsk

Lukas 17 Lukas 17 Lukas 17 Lukas 17
Lukas 18 Lukas 18 Lukas 18 Lukas 18

Utvalgt andakt

Gud, ver meg syndaren nådig! Luk 18,13

Det er synda som har skilt oss frå Gud og lagt ulukke inn over alle ting. Der synda ikkje finst, der er òg skiljeveggen mellom Gud og oss borte. Gjennom ordet sitt har Gud synt oss vegen bort frå synda og inn til livet. Han går over Golgata og gjennom grava. Der har Kristus nagla skuldbrevet til krossen og stått opp til vår rettferd. I dette livsens underverk er frelsa og nåden gitt til oss alle.

Men likeså fullkomme som alt dette er ordna for oss utanfor oss, like visst må me komma til Kristus som fortapte syndarar og vedgå at det var vår skuld som gjorde han skuldig for Gud. Vegen bort frå synda går gjennom å vedgå for han kven me er og kva me har gjort. Den som saman med tollmannen i templet stig fram for Gud og seier "Gud, ver meg syndaren nådig", han er frelst. Då dømmer Gud syndaren rettferdig, for då blir hjarta opna for Guds rettferdiggjerande nåde.

Slik Jesus gav seg heilt for syndene våre, må me gi all synda vår til han. Då er ikkje berre synda og skulda kvitta med Kristi blod for Gud, då er ho òg kvitta i livsboka vår, og hjarta er reinsa ved trua. Då går desse to livstonane saman i ein mektig samklang: Han gjorde ved seg sjølv reinsing for syndene våre og: Den som sannar syndene sine, mot han er Herren trufast og rettferdig så han tilgir syndene og reinsar frå all urettferd.

Slik går vegen bort frå synda og inn til Gud.

Så fly i dag til den Herre Krist!
Han einast er din frelsar sant og visst.
Og berre han kan gjera hjarto reine.
Og reinsingsmidlet er hans blod åleine.

Ludvig Hope
"Eit Ord i Dag"
Lunde Forlag

Studiespørsmål

av Phil Layton:
Lukas 17
Lukas 18

Minikommentarer

av Peter Baronowsky:
Lukas 17
Lukas 18