349 ♥ Apostlenes gjerninger 23-24

Bibel 2011 bokmål

Norsk Bibel 88/07

Bibelen, Guds Ord

Bibel 2011 nynorsk

Apostlenes gjerninger 23 Apostlenes gjerninger 23 Apostlenes gjerninger 23 Apostlenes gjerninger 23
Apostlenes gjerninger 24 Apostlenes gjerninger 24 Apostlenes gjerninger 24 Apostlenes gjerninger 24

Utvalgt andakt

Det laglege høvet

Feliks sa: "Det er nok for i dag. Gå no! Når eg får tid, skal eg kalla deg hit att." Apg 24,25

Feliks var ein høvisk mann. Han ville ikkje utan vidare avvisa den strenge botspredikanten. Han ville gjera både han og seg sjølv til lags. No var det ikkje snakk om å gje seg av med så alvorlege og vanskelege ting. Det ville heilt sikkert koma ein dag då det ville vera lagleg. Livet var langt.

Dette laglege høvet kom aldri for Feliks. Men den dagen då apostelen tala til han, nett den dagen var det laglege høvet for han.

Dette er ei gamal soge, vil du seia. Ja, det er rett, det er ei gamal soge – som støtt tek seg opp att. Det skulle vel ikkje vera di soge òg?

Tenk etter. Du vil nok minnast dagar då Guds heilage ord gjekk gjennom sjela di – augneblinkar då Herren var deg særleg nær. Du var rørt, vakt, gripen, men – ja, det er det gamle opp att – det vart ikkje meir. Og grunnen til det, ja det var den sataniske dåringa at det ville koma eit høve som var "lagleg".

Kjære ven, du vert aldri eit omvendt menneske før du skjøner at det laglege høvet er i dag. No er den rette tid, no er frelsesdagen! Lat desse få og fattige orda i denne andakten få seia deg dette: No er det dagen for deg. No høyrer du, no lever du – no er Herren nær deg. Vil du seia til han: Gå no, det er nok for i dag? Eller vil du seia: Herre, kom! Frels meg no. Frels meg i dag!

Edin Holme
"For kvar dag"
Lunde Forlag, 2000

Studiespørsmål

av Phil Layton:
Apostlenes gjerninger 23
Apostlenes gjerninger 24

Minikommentarer

av Peter Baronowsky:
Apostlenes gjerninger 23
Apostlenes gjerninger 24