søndag 10. mai 2020

Dagens bibellesning: 2 Korinterne 6-8

Bibel 2011 bokmål

Norsk Bibel 88/07

Bibelen, Guds Ord

Bibel 2011 nynorsk

2 Korinterne 6 2 Korinterne 6 2 Korinterne 6 2 Korinterne 6
2 Korinterne 7 2 Korinterne 7 2 Korinterne 7 2 Korinterne 7
2 Korinterne 8 2 Korinterne 8 2 Korinterne 8 2 Korinterne 8

Utvalgt andakt

ALT I KRISTUS

... som dei som inkje har og endå eig alt. 2 Kor 6,10
Denne setninga frå Guds ord seier oss så råkande kva det er å vera ein kristen.
Kristendomen er eit motsetningsforhold: ein trong port, men ei opna dør, kamp og strid, men kvile og fred o. s. b.
Ein kristen er på same tid ein syndar og rettferdiggjort. Han er fattig, men likevel rik. "Som dei som inkje har og endå eig alt."
Når me les soga om dei eldre kristne, finn me at dei tala mykje om anfekting og strid. Det same gjer mange av våre beste salmar og songar.
Men dei var samstundes opptekne med løysinga. Dei gav seg ikkje over i utidig sorg og klage. Sjå berre på denne kjende salmen:
Velt alle dine veie og all din hjertesorg,
på ham som har i eie den hele Himlens borg.
Han som kan stormen binde og bryte bølgen blå,
Han skal og veien finne, hvorpå din fot kan gå.
Det vil vera ei stor trøyst for mange å få vita at kristenlivet er såleis.
Der lever ein grunntone i kvar ein kristen: sorga over kor ynkeleg og liten ein er. Når ein "synes livet ei vil svare som om det rett var hjertets sak", då skjelv denne strengen i hjartedjupet.
Gud legg ofte særleg arbeid på den han vil bruka, for å få syna han at alt er nåde.
Men midt i dette eig han alt. Rikdomen hans er i Jesus. Jesus Kristus − gåva frå Gud − er alt barnet treng om, heile vegen.
Difor lyder også lovsongen frå alle Guds barn, fordi dei har alt i Kristus.
Tore Tungland
"Trøysta mitt folk"
Lunde Forlag, 1975

Studiespørsmål

av Phil Layton:
2 Korinterne 6
2 Korinterne 7
2 Korinterne 8


Minikommentarer

av Peter Baronowsky:
2 Korinterne 6
2 Korinterne 7
2 Korinterne 8