mandag 2. november 2020

Dagens bibellesning: 5 Mosebok 7-9

Bibel 2011 bokmål

Norsk Bibel 88/07

Bibelen, Guds Ord

Bibel 2011 nynorsk

5 Mosebok 7 5 Mosebok 7 5 Mosebok 7 5 Mosebok 7
5 Mosebok 8 5 Mosebok 8 5 Mosebok 8 5 Mosebok 8
5 Mosebok 9 5 Mosebok 9 5 Mosebok 9 5 Mosebok 9


Utvalgt andakt

Smått om senn skal Herren din Gud driva desse folka ut for deg. Du skal ikkje gjera ende på dei med ein gong; då kunne villdyra bli for mange for deg. 5 Mos 7,22

Israelsfolket åtte heile Kanaan i tru og det var deira då dei stod innanfor grensa. Likevel måtte dei vinna landet tomme for tomme gjennom kamp.

Guds folk i den nye pakta lever under dei same kåra. Mange kristne tenkte at alle fiendar var slegne til jorda den dagen dei fann fred med Gud og at synda då for alltid var ute or sinn og tankar. Men før dei var ferdige med å drøyma denne falske draumen, fall fienden over dei på nytt. Det landet me eig i tru, må me kjempa for å vinna.

Her skal du være i daglig kamp og strid,
hist skal du bære i din krans til evig tid.

Me har ikkje vorte Guds utvalde folk for å liggja i ein solskinnsbakke og drøyma søte draumar; me er frelste for å nå målet gjennom kamp. Me vinn ingen siger utan at Gud er styrken vår; men Gud vinn heller ingen siger for oss om me ikkje går i striden. Gå! Eg vil vera med deg! Slik er Herrens bod og lovnad. Når me så står midt i striden, mot fiendar som er sterkare enn oss, då fører me striden vår etter dei lovene Gud har gitt i riket sitt, og då gir Herren oss siger.

"Ver ikkje redde! Stå berre fast, så skal de få sjå korleis Herren hjelper dykk i dag!" 2 Mos 14,13.

Lat draumane døy
og vonene visna som blomar og høy,
når berre mi sjel kunne vinna sitt slag
og stå på si vakt til min døyande dag!
Då får eg mi krune og skinande skrud
av Herren, min Gud.

Ludvig Hope
"Eit Ord i Dag"
Lunde Forlag

 

Minikommentarer

av Peter Baronowsky:
5 Mosebok 7
5 Mosebok 8
5 Mosebok 9