søndag 4. januar 2015

040 ♥ Jesaja 29-33

Bibel 2011 bokmål

Norsk Bibel 88/07

Bibelen, Guds Ord

Bibel 2011 nynorsk

Jesaja 29 Jesaja 29 Jesaja 29 Jesaja 29
Jesaja 30 Jesaja 30 Jesaja 30 Jesaja 30
Jesaja 31 Jesaja 31 Jesaja 31 Jesaja 31
Jesaja 32 Jesaja 32 Jesaja 32 Jesaja 32
Jesaja 33 Jesaja 33 Jesaja 33 Jesaja 33

Utvalgt andakt

Så sa Herren Gud, Israels Heilage:  "Vender de om og held dykk i ro skal de verta frelste.  I stilla og tillit skal dykkar styrke vera. " Jes 30,15

Å venda om er å skifta hug og livslei.  Den som tidlegare har vendt seg bort frå Gud og gått sine eigne vegar i vantru, synd og verdslegdom, han vender seg no til Gud med livet sitt slik som det er og vedgår dårskapen sin for han.  Å venda om er ikkje å vinna over det vonde og så komma til Gud sjølvhjelpt.  Nei, det er å la seg frelsa av ein annan, når ein ser at ein ikkje maktar det sjølv.  Å venda om er å leggja ned motstanden mot Gud, det er å stoppa spranget bort frå han og seia:   "Her er eg; om du vil, skal du no få lov å frelsa meg."  Den som då høyrer frelsarorda "Eg vil!" og legg seg tillitsfullt i armane hans, han er frelst.

Den store kunsten òg for ein kristen seinare i livet er å eiga ei barnsleg tiltru til Gud.  Inga makt kan vinna over den som byggjer livet sitt, i smått og stort, på det Jesus har gjort og det Gud har lova i ordet sitt.  Han kan få sår i striden; men slepper han ikkje frelsaren sin, er han uovervinneleg.  Hjå Jesus kan den hjelpelause vera trygg.  I han er helvetet stengt og himmelen open, men utanfor Jesus er helvetet ope og himmelen stengd.

Alle de som vil sigra og nå himmelen, de må komma til Jesus og vera der i liv og død!  Då fører han oss gjennom striden og døden til livsens land.

Lit du heilt på Herren,
signing hjarta fær,
finn at all hans lovnad
ja og amen er.

Ludvig Hope
"Eit Ord i Dag"
Lunde Forlag

 

Minikommentarer

av Peter Baronowsky:
Jesaja 29
Jesaja 30
Jesaja 31
Jesaja 32
Jesaja 33