tirsdag 6. januar 2015

111 ♥ Markus 11-12

Bibel 2011 bokmål

Norsk Bibel 88/07

Bibelen, Guds Ord

Bibel 2011 nynorsk

Markus 11 Markus 11 Markus 11 Markus 11
Markus 12 Markus 12 Markus 12 Markus 12

Utvalgt andakt

Den store gåva

Då kalla han læresveinane til seg og sa «Sanneleg, det seier eg dykk: Denne fattige enkja har gjeve meir enn nokon av dei andre som la pengar i tempelkista. For dei gav alle av si overflod, men ho gav av si fattige råd, alt det ho åtte, alt det ho skulle leva av.» Mark 12, 43–44

Kor ulike er ikkje meiningane om kva som er stort her i verda.

Kven la vel merke til denne enkja og dei to småmyntane hennar. Ho kunne vel heller ha halde seg borte frå denne heilage staden og frå dei heilage menneska. Det var nok heilt andre personar som trekte til seg interesse og fagning frå mengda.

Jesus såg annleis på det. Han lèt seg ikkje blenda av dei fine kleda eller av dei gudlege faktene eller av dei store gåvene. Han såg djupare − han såg innom huda. Han såg det bankande, varme hjarta attom den ringe gåva.

Ho gav meir enn alle dei andre.

Men korleis då?

Ho gav meir fordi ho gav seg sjølv.

Pengar er bra; men om vi hadde alle pengane i verda, kom vi ingen veg med å byggja Guds rike − dersom det ikkje fanst menneske som ville gje seg sjølve.

Det er den store gåva − den verkeleg verdifulle. Og alt det vi kan yta av ytre ting, av materielle gåver, det får sin verdi etter kor mykje av oss sjølve som ligg i gåva.

Slik dømer Jesus. Og slik er det rettvist å døma.

Edin Holme
"For kvar dag"
Lunde Forlag, 2000

Studiespørsmål

av Phil Layton:
Markus 11
Markus 12

Minikommentarer

av Peter Baronowsky:
Markus 11
Markus 12