tirsdag 6. januar 2015

113 ♥ 2 Mosebok 13-16

Bibel 2011 bokmål

Norsk Bibel 88/07

Bibelen, Guds Ord

Bibel 2011 nynorsk

2 Mosebok 13 2 Mosebok 13 2 Mosebok 13 2 Mosebok 13
2 Mosebok 14 2 Mosebok 14 2 Mosebok 14 2 Mosebok 14
2 Mosebok 15 2 Mosebok 15 2 Mosebok 15 2 Mosebok 15
2 Mosebok 16 2 Mosebok 16 2 Mosebok 16 2 Mosebok 16

Utvalgt andakt

Det er Herrens strid

Herren skal strida for dykk, og de skal vera stille. 2 Mos 14,14

Det var ein fortvila situasjon Israels-folket var komen i. På to sider reiste det seg uframkomelege fjell, på den tredje sida kom Farao med heile den stolte hærmakta si, og på den fjerde sida låg havet og stengde. Korleis skulle det gå? Berre éin ting var viss: undergangen.
Det er då Moses ropar til folket: Herren skal strida for dykk, og de skal vera stille. Kanskje banka hans eige hjarta då han sa dette – men likevel var denne sanninga voven inn i heile den lange livsrøynsla hans. Like viss som han var på at han levde, like viss var han på at både han sjølv og det skjelvande folket var trygge i Herrens hand.
Hadde han festa blikket på makta til egyptarane, på fjella som stengde eller på det brusande havet, eller om han hadde sett på det redde, eigenrådige Israel, så ville han vorte motlaus. Og Israels-folket ville ha vore verande i trældom for alltid.
Alle som har gjort storverk i Guds rike, har lært dette eine: å setja si lit til Gud og hans makt åleine. Det gjorde Luther då heile Europa rasa mot han. Difor kunne han syngja: Vår Gud han er så fast ei borg.
Skal vi ikkje læra dette vi òg? I vårt vesle liv òg er det så mange vonde makter − vegen er så ofte stengd. Lat oss læra å sjå bort frå alt som gjer oss redde og sjå opp til vår Gud som er sterkare enn alle vanskar. Lat oss vera stille – Herren skal nok strida for oss.
Edin Holme
"For kvar dag"
Lunde Forlag, 2000

Minikommentarer

av Peter Baronowsky:
2 Mosebok 13
2 Mosebok 14
2 Mosebok 15
2 Mosebok 16