191 ♥ 2 Kongebok 6-10

Bibel 2011 bokmål

Norsk Bibel 88/07

Bibelen, Guds Ord

Bibel 2011 nynorsk

2 Kongebok 6 2 Kongebok 6 2 Kongebok 6 2 Kongebok 6
2 Kongebok 7 2 Kongebok 7 2 Kongebok 7 2 Kongebok 7
2 Kongebok 8 2 Kongebok 8 2 Kongebok 8 2 Kongebok 8
2 Kongebok 9 2 Kongebok 9 2 Kongebok 9 2 Kongebok 9
2 Kongebok 10 2 Kongebok 10 2 Kongebok 10 2 Kongebok 10

Utvalgt andakt

Ver ikkje redde! Det er fleire med oss enn med dei. ... Då opna Herren augo hans, og han fekk sjå at fjellet var fullt av eldhestar og eldvogner rundt ikring Elisja. 2 Kong 6,16–17

Likeins som djevelen sender åndehæren sin ut for å freista folk til synd og fall, har Gud sine tenande ånder på jorda for at dei skal hjelpa borna hans. Me kan ikkje sjå desse vennene og trugne tenarane, men Gud har sagt oss at dei er her, og den kristne livsrøynsla vitnar om det same.

Kor godt er det ikkje å komma i hug at kor einsame me enn måtte gå gjennom verda, er me likevel aldri åleine, og kor mange fiendar som lurer på oss, sender Herren hjelp som er større enn faren!

Også i dag kan ein Jesu læresvein seia med profeten: "Det er fleire med oss enn med dei." Om ikkje me ser desse hjelpesmennene, var det likevel Guds meining at me skulle tru at dei er her og at me i glad tillit skulle lita på den hjelpa han sender oss. Kor rolege og fredsæle skulle me ikkje møta faren og dei tunge tidene, når me i barnsleg tru og på desse lovnadene sette vår lit til hans hjelp! Som vel er går Herrens tenarar omkring og hjelper og strir for oss òg viss me gløymer det; men den takken me skulle bera til Gud, og den gleda hjarta skulle vinna, kjem bort for oss når me gløymer den vernande nåden hans.

Guds folk! Minn dykk sjølv om dette opp att og opp att! Det kjem så vel med å eiga denne trøysta, fest i hjarta med ei levande tru.

Verda er full av farar for oss alle, men himmelen har auga med ein Jesu Kristi stridsmann. Når me ropar som guten til Elisja: "Kva skal vi no gjera?" (v. 15) så kjem svaret: "Ver ikkje redd! Det er fleire med oss enn med dei."

Herrens engler leirer seg
rundt omkring oss alle,
frir oss ifra farer ut,
så vi ei skal falle.

Frykt dog ei, stol på meg,
jeg skal deg bevare
til du står på himlens strand
blant den frelste skare!

Ludvig Hope
"Eit Ord i Dag"
Lunde Forlag

Minikommentarer

av Peter Baronowsky:
2 Kongebok 6
2 Kongebok 7
2 Kongebok 8
2 Kongebok 9
2 Kongebok 10